Koronavirus og Gammalnorsk spælsau

Koronavirus og Gammalnorsk spælsau

Publisert av Tor Olav Stuve Blekenberg den 17.03.20.

Samfunnet vårt står no overfor ei stor utfordring. Varigheit og omfang av situasjonen me no ser som følgjer av koronapandemien er vanskeleg å sjå føre seg.

For oss som driv med dyr og sau kan ikkje kvardagen og arbeidet stoppe opp. Dyra må ha mat og stell som før. Lamming er nært føreståande for mange av oss, og fleire er no bekymra for å bli sjuke i den perioden av året som er travlast og som krev mykje av oss. Kva kan ein gjere for å gå best mogleg forberedt inn i den kommande tida?

Her kjem ei lita oppsummering av informasjon som kan vera aktuelt for oss som driv med produksjonsdyr i tida som kjem.

Følg råda til helsemyndigheitene om sosial distansering, heimekarantene og heimeisolering. Slik kan ein hemme og forsinke den pågåande epidemien i Noreg. Desse oppdaterast jamnleg og kan finnast på https://helsenorge.no/koronavirus.

Ver nøye med hand- og hostehygiene!

Veterinærinstituttet har informert om at det ikkje er dokumentert at dyr kan smittes av det nye koronaviruset, eller at dei kan utgjera ei smittekilde for menneske.  Men som eit føre var hensyn råder ein til at personar smitta med koronaviruset inntil vidare begrensar sin kontakt med matproduserande dyr. Veterinærinstituttet kjem også til å oppdatere sine råd etter kvart, deira råd og svar på spørsmål angåande koronaviruset kan ein finne på https://www.vetinst.no/nyheter/koronavirus-pa-dyr-i-norge/sporsmal-og-svar-om-koronavirus-coronavirus.      

Mattilsynet har også ei informasjonsside om koronaviruset, denne finn ein her; https://www.mattilsynet.no/Utbrudd_av_koronavirus/informasjon_til_produksjonsdyreeiere_om_koronavirus.37939.

Bondelaget har publisert også publisert ei informasjonsside med spørsmål og svar angåande koronaviruset, den finn du her: https://www.bondelaget.no/tema/koronavirus/sporsmal-og-svar/

Dei norske landbruksorganisasjonane har laga eit fellesskriv der dei korte trekk seier følgande: «Vaska henda, ha godt smittevern og lag beredskapsplan for garden». Dei oppmodar bønder til å ta fram og oppdatere beredskapsplanen for drifta og ber om at ein tenker gjennom kva som vil skje om ein eller fleire av personane på garden vert sjuke og ikkje får stelt dyra. Og at ein allereie no gjer avtalar med kollegaer i tilfelle sjukdom. Meir om dette på https://www.nlr.no/nyhetsarkiv/2020/raad-til-bonden/.

Med venleg helsing styret, v/ Tor Olav Blekenberg